SORTERING AV BOSS
BIR har tre attvinningsstasjonar i Bergen. Der kan du levere større og mindre gjenstandar frå rydding i garasje og loft. BIR set ut innsamlingsbehaldarar for papir, glas??/??hermetikk og plast. Desse returpunkta er merka av på kartet i midten av heftet. Dersom du finn ein full innsamlingskonteinar, ring BIR sitt kundesenter på tlf 815 33 030 slik at dei kan skunde seg å tømme den (etter kl. 16 ringer du vakttelefonen på tlf 951 02 220). For utfyllande informasjon, sjå bir.no.
BIR sine attvinningsstasjonar i Bergen:
Åsane, Salhusveien, tlf 55 52 71 40
Bergen sentrum, Møllendalsveien 31, tlf 55 52 71 45
Fana, Espehaugen, tlf 55 52 71 55 (har også brukthall)
Papir
- Dersom du har ein eigen behaldar for papir og ynskjer ein større, kan du ringe BIR sitt kundesenter og få dette gratis. (Innbyggjarar i sentrale strøk av Bergen sentrum har ikkje eigen papirbehaldar, men må nytta seg av returpunkt.)
- Ikkje tilgrisa papir, eller papir med plastlag (t.d. bøker limt i ryggen, vinduskonvoluttar og tørkepapir)
- Ikkje dorullar
- Drikkekartongar skal skyllast i kaldt vatn, brettast og pakkast i kubbar. Både dei med plast?/?aluminiumsbelegg og dei med plastkork?/?skrukork kan
gjenvinnast
- Dersom du kun har restavfallsbehaldar heime så kan du ta med papiret til eit returpunkt (sjå kart på midtsidene)
Glas og hermetikk
- Hermetikkboksar, aluminium og metallokk skal skal kastast i igloen saman med glaset. (Sjå midtsidekart for å finne igloen nærast deg).
- Ikkje krystall, porselen, keramikk eller lyspærer.
- Skil alltid metall og glas frå kvarandre, (t.d. ved å skru metallokk av glaset).
Plast
- Vaska plast og isopor kan leverast på attvinningsstasjonane, ved dei fleste kjøpesentera og ved enkelte returpunkt. (Sjå midtsidekart).
- Ikkje lever emballasje som kun er delvis laga av plast eller plast som ikkje er emballasje (t.d. leiker kulepennar osv.)
- Mange plastflasker er panteflasker, pant desse i butikken! Andre plastflasker kan leverast til BIR sine konteinarar. Papiretikettar kan
stå på.
Kompost
- Kanskje du kan starte med heimekompostering eller ha felles kompost i burettslaget.
- Alle som komposterar i godkjend varmkompostbinge får rabatt på renovasjonsgebyret.
Treverk
Leverast på ein av BIR sine attvinningsstasjonar.
Tøy
Klede og andre tekstilar kan leverast hos Fretex, nokre loppemarked eller liknande butikkar.