OM CHANGEMAKER



Changemaker er Kirkens Nødhjelp si ungdomsrørsle og har ca 2500 medlemar på landsbasis, i alderen 15–30 år. Arbeidet vårt er retta mot grunnleggjande årsaker til den skeive fordelinga av verdas ressursar. Changemaker ønskjer å kjempa mot likegyldigheit, visa at solidaritetsarbeid nyttar, og at kvar einskild kan vera med å forandra verda med konkrete handlingar, som berre for eksempel ved å kjøpa Max Havelaar-merka produkt! Me vil jobba med å påverka befolkning, næringsliv, kyrkje, politikarar og internasjonale organ i konkrete saker. Framgongsmåtar kan vera aksjonar, foredrag, medieoppslag for å få merksemd om viktige internasjonale spørsmål og samtalar med studievener. Changemaker har fleire lokalgrupper som arbeider aktivt rundt i landet og felles faglege og sosiale arrangement fleire gonger i året. Les meir på www.changemaker.no Changemaker Bergen er ei lokalgruppe på 25-30 aktive studentar. Me møtest i Welhavensgate 66 kvar onsdag kl 18.00 (litt mindre aktivitet rundt eksamenstider…) Vi arbeider med hovudtemaa gjeld, handel, fred og klima, stundom i eigne temagrupper. Stikk innom lokalet vårt ein onsdag kveld, eller besøk nettsida vår: www.student.uib.no/changemaker