ET LAVT I NÆRINGSKJEDA!

Omlag 90 % av energien i maten forsvinn når kornet blir brukt som dyrefor for å produsera kjøt i staden for å bli brukt til menneskemat!


Steg 1: Et mindre kjøt
  • Ved å droppa storfekjøt ein gong i veka reduserer du faktisk dine personlege klimautslepp med 1 % (BT 4. sept. 2002)

  • Et meir av mat du vanlegvis et utan kjøt (pannekaker, suppe, graut…)

  • Et meir grønsaker, belgfrukter og kornprodukt (Meir grønt og mindre kjøt er bra både for miljøet og di eiga helse og trivsel)

  • Vill mat er miljøvennleg mat – nesten utan unntak. Driv matauk (fiske, jakt, soppsanking, bærplukking osb.)! Ta med folk du kan læra av og ta berre det du skal bruka (rentene, ikkje kapitalen)!

  • Urter kan dyrkast i vindaugskarmen! Lån ei urtebok på biblioteket.

  • Sjekk sidene til Bergen og Omland Friluftsråd: www.bof.no og Direktoratet for Naturforvaltning: www.naturforvaltning.no

    Sjekk ”Opplysningskontoret for frukt og grønt”: www.frukt.no (Oppskrifter, nyheiter og gode råd)


    Steg 2: Tenk over kva type kjøt du vel
  • Et vilt, økologisk eller kjøt frå husdyr på utmarksbeite. (Fiskar ein sjølv i hav?/?innsjø, minkar ein belastinga på overfiska bestandar i andre delar av verda. Økologisk kjøt er på veg inn i butikkar. Norsk sau og geit er relativt miljøvenlege og lite ressurskrevjande, sjølv om det ikkje er økologisk.)

  • Et reint kjøt i staden for pølser, kjøttpålegg og spekemat. (Dessutan kan dei innehalde nitritt, E-250, som er eit av dei tvilsame E-stoffa.)

  • Kjøp fisk på Fisketorget eller i ferskvaredisken.

  • Et villfisk i staden for oppdrettsfisk. (Foret i fiskeoppdrett er stort sett laga av villfisk, det går ca 4 kg villfisk for å ala opp 1 kg oppdrettsfisk! Dette er dårleg ressursutnytting.)


  • Steg 3: Bli vegetarianar
    Næringsmiddel som grønsaker, frukt, kornprodukt og belgvekstar inneheld alt du treng av vitaminer, mineralar og protein.

  • Det kan være lurt å ta overgongen frå kjøt til vegetarmat litt gradvis. Begynn med ein dag eller to i veka og auk etterkvart til fleire dagar

  • Vegetarkokebøker og restaurantar med idear frå det italienske, kinesiske og indiske kjøken gir god inspirasjon til vegetarmat!

  • Asiatiske kjøtetterlikningar laga av soyabønner (tofu) eller gluten får ein kjøpt i butikkar med asiatisk vareutval

  • Spør etter meir vegetarmat der du handlar og et!