ET RETTFERDIG!
Bønder og produsentar i u-land må ofte selja varene sine til spottpris. Det er dei store multinasjonale selskapa som kontrollerer prisane på marknaden og får fortenesta. Dei seinare åra har mange vestlege forbrukarar blitt merksame på dette, og alternative handelslinjer har dukka opp som garanterar produsentane ein minstepris.
Fair trade?/?rettferdig handel er ei internasjonal rørsle som er etablert i ei rekkje europeiske land. Det merket som er mest utbreidd i Norge er Max Havelaar. Merket fins på kaffi, te, bananar, appelsinjuice, ris og roser. Nokre butikkar sel sukker, kakao, sjokolade og honning. Utvalet vil truleg bli enda betre på sikt.
Steg 1: Kjøp rettferdige varer
Visste du at eit gjennomsnittleg u-land får under 10 % av si nasjonale inntekt frå bistand, over 80 % frå handel! Derfor har det større effekt om me betaler ein rettferdig pris for varene.
Steg 2: Gi bort rettferdige varer til vener og familie
Til jul, bursdagar, eller som presang når du kjem heim på besøk.
Steg 3: Bli Max Havelaar ambassadør
Det viktigaste du gjer som ambassadør er å erstatta dine gamle vaner med Max Havelaar-vaner, og deler kunnskapen din om Max Havelaar med andre! Det einaste kravet som blir stilt er at du har tilgong på internett og e-post. Du får velkomstpakke, nyheitsbrev og dersom du vervar nye ambassadørar eller får kantiner til å ta i bruk produkta får du vervepremie. Påmelding + masse tips på www.maxhavelaar.no
Liste over kor ein får kjøpt rettferdige varer
(Spør etter vara viss den manglar i din butikk!)
- Bananar med Max Havelaar-garanti finn du på:
Kiwi, Coop, Meny, Helios, Ultra, Centra, Bikuben, Dragesett og Safari.
Appelsinjuice med Max Havelaar-garanti finn du på:
Kiwi, Meny, Ultra, Centra, Bikuben, Dragesett, Safari, Spar og Eurospar.
- Kaffi med Max Havelaar-garanti finn du på:
Meny, Bikuben, Rema 1000, Spar, Sparmat, Drageset, Kiwi, Nærmat, Rimi, 7-Eleven, Joker, ICA, Kinsarvik Fruktutsalg, Ica, Mix butikkene, Ultra, Centra, AKA, Prima, Oluf Lorentzen, Bunnpris, Livi, Servicemat, Fakta-kjeden, Mat og Mer, K-Kjøpmann, Price Club Norge AS, og Kjøpmennene på Vestlandet.
- Te med Max Havelaar-garanti finn du på:
Meny, Safari, Kinsarvik Fruktutsalg, Spar, Ultra og Centra.
- Sjokolade (eksklusiv) med Max Havelaar garanti finn du på:
Meny, Helios og Kinsarvik.
- Ris med Max Havelaar garanti finn du på Meny.
- Roser med Max Havelaar garanti finn du på Mestergrønn.
Obs: Utvalget av varer vil forandre seg.