FARLEG AVFALL
Eit halvt glas med olje kan være nok til å forureine
100 000 liter vatn! Sjølv små mengder med farleg avfall kan gjere stor skade. Slikt avfall må ikkje tømmast i avløp, kastast i restavfallet eller leggjast igjen ute i naturen.
Dette er farleg avfall:
- Alle oljeprodukt, kjemikaliar og malingsprodukt.
- Reingjerings- og vedlikehaldsprodukt som pussemiddel, flekkfjernar, rustfjernar, låsspray osb.
- Produkt med kvikksølv, gamle batteri, lysstoffrør, sparepærer, termometer m.m.
- Produkt med kadmium, knappsellebatteri, oppladelege batteri.
- Plantevernmiddel, rottegift, soppmiddel osb.
- Hobbykjemikaliar, lim, fotokjemikaliar korrekturlakk, neglelakk etc.
Elektronisk avfall
Lever gratis til butikkar som sel same slags utstyr. Du treng ikkje kjøpa nytt! Det kan også leverast på attvinningsstasjonane til BIR.
Gamle kjøleskap og frysarar
Leverast på ein av BIR sine attvinningsstasjonar eller i butikkar som sel kvitevarer. Dei tek i mot gratis frå private hushaldningar.
Levering
Farleg avfall skal leverast i lukka, tett og sikker emballasje, helst orginalemballasje. Ulike typar farleg avfall må ikkje blandast fordi dette kan føre til farlege kjemiske reaksjonar og brann. BIR skal dele ut raude boksar for farleg avfall til alle husstandar. Det er plassert containarar for farleg avfall på ei rekke brann- og bensinstasjonar. I tillegg tek attvinningsstasjonane også i mot.
Dette skal ikkje kastast i det farleg avfallet:
- Sprøyter, skalpellar og gammal?/?ubrukt medisin; leverast til apotek.
- Knust glas; skal leverast som glas på returpunkta.
- Smittefarleg, radioaktivt og sjølvtennande materiale (t.d. klutar med linolje), sprengstoff?/?ammunisjon, og organiske peroksider (t.d. herdar til stålplast?/?glasfiber)
Leveringsstader for farleg avfall, Bergen:
Møllendalsveien attvinningsstasjon, tlf 55 52 71 45
Salhusveien attvinningsstasjon, tlf 55 52 71 40
Espehaugen attvinningsstasjon, tlf 55 52 71 55
Bønes Bilistsenter, Bøjarnesveien 24, tlf 55 12 01 80
Oasen Servicesenter, Folke Bernadottesvei 52, tlf 55 16 06 60
Nygård Bilistsenter, Lyderhornsvei 33, tlf 55 94 88 00
Søreide Autoservice, Steinsvikveien 10, tlf 55 12 00 90
Storetveit Bilistsenter, Storetveitveien 50, tlf 55 28 34 81
Vestkanten Vei Service, Loddefjordveien 2, tlf 55 50 17 20
Nesttun Autosenter, Nesttunveien 91, tlf 55 11 85 50
Lonevåg Auto Senter, Hatland, tlf 56 39 23 40
Lone Bensin & Storkiosk, Hardangervegen 697, tlf 55 39 29 70
Aune Trafikksenter, Garnesveien 7, tlf 55 24 42 30
Nyborg Veiservice, Åsanemyra 275, tlf 55 18 19 62
Haukås Bilistsenter SM, Steinestøveien 279, tlf 55 53 85 00
Stasjon for Farlig avfall, Flesland, tlf 55 98 21 70