LENGRE TURAR/FERIE

Kva med å velje ein meir miljøvennleg ferie eller langreise?

Tog
Dette er vår personlege favoritt når det gjeld transportmiddel! Skal du på ferie til Oslo, Sverige, eller Roma, ta toget i staden for flyet! Det finst få betre måtar å sjå Europa på enn å kjøpe ein Interrail-billett. F.eks. kostar ein under 26-billett for heile Europa i ein månad 3200 kr. Tognettet er godt utbygd, og på toget treff du nye menneske, du kan sove, lese, spele osv i og med at du slepp å ha hendene på rattet. Priseksempel: Bergen-Oslo t?/?r 716 kr (-25% studentrabatt). NSB legg og ut billettar der du kan reise så langt du vil i Noreg, til 199,- og 299,- etter fyrstemann til mølla prinsippet. Desse kan kjøpast på nsb.no. (Tal frå 2006)

Fottur??/??sykkeltur
Pakk opp sekken og dra ut i naturen! Her er det berre fantasien som set grensene. Kva med å ta med telt på fiske-, bær-, og fjellturar, vandre Noreg på langs, eller kanskje sykkeltur i Danmark eller India?

Fly
Flyet er vår minst tilrådde reisemåte. Vi meiner at flyet berre bør nyttast dersom det ikkje finst andre reelle alternativ. Sjølvsagd er CO2-utsleppa den viktigaste grunnen til ikkje å flyge. Men i tillegg skapar det langt meir støy enn for eksempel toget.

Bil
Samanlikna med flyet blir sjølv bilen betre, iallfall om ein er fleire saman. Elles gjeld jo sjølvsagd dei same tipsa for energisparing på ferie som heime.