LOKALTRANSPORT
Sykkel
Sykkelen er vel kanskje det miljøvennlege framkomstmiddelet som har størst utbetringspotensial i Noreg i dag. Fleire og fleire syklar til jobben, og det blir vanlegare å få kilometergodtgjørsle også for syklistar.
Syklistenes Landsforening si heimeside har flust av gode sykkeltips, her er nokre av dei:
- Kle deg smart når du skal ut å sykle. Finn balansen i mengde, verken sveitt og klam eller hutrande kald er trivelege sykkel-opplevingar når du skal på
skulen. Ha passelig lite underst, ikkje bruk bomull og ha vindtett yttarst. Hanskar og hue når det blir kaldare i veret. Buksebeinet i sokken.
- Pass på at utstyret er i orden. Dette gjeld bremser og lys, dekk og skjermar, ringebjelle og hjelm!
- Lær deg å innarbeide eit roleg tempo, så unngår du å komme dryppande sveitt fram. På treningsturar kan ein sjølvsagd sjå bort i frå denne.
- Ei riktig sittestilling er særs viktig for trivselen bak styret. Både rygg og mage vil vere takknemlege.
I Bergen er det mogeleg å få kjøpt brukt og få reparert sykkelen hos sykkelreparatøren og sykkelgjenvinningen på Nøstet (sjå kart).
Sparke
Bergen er rett nok ikkje sparke-by nr. 1, men sparking er gøy! Når snøen og isen kjem, kva er vel betre enn å suse ned bakkane på spark?
Gange
Kvifor brenne bensin og diesel når du kan brenne kaloriar?!
Buss
Støtt kollektivtrafikken, reis med buss! Gløym parkeringsplassar og flyt av garde i kollektivfeltet! Eksempelvis kostar to-sonars busskort Fantoft-Sentrum 660 kr (-40% studentrabatt) per ?månad for studentar. Ikkje så verst, eller?
Moped?/?motorsykkel
Dersom du stort sett køyrer åleine, utan dei store mengdene bagasje, er kanskje ein moped?/?scooter eller lett motorsykkel noko for deg? Dei brukar langt mindre bensin enn ein bil, og du tek mindre plass i trafikken.
Bil
Dei færraste studentar har vel eigen bil, men mange vurderer kanskje å kjøpe, så difor kjem vi her med nokre tips:
- Treng du verkeleg eigen bil? Å eige bil er dyrt, f.eks. vedlikehald og verditap gjer at utgiftene går langt utover bensin. Nye utrekningar viser at ein kan køyre 2 mil drosje 250 dagar i året for det ein måtte betale om ein brukte bil. Eller kan du kanskje ha nok ved å låne?/?leige av andre? Bildeling er eit konsept der fleire bruker same bil til ulike tider. Folk flest har jo ein bil ståande langt meir enn han blir brukt. Så kvifor ikkje utnytte dette? Sjå lenke side 9.
- Kan du vente med å kjøpe bil? Teknologien er i stadig framgong når det gjeld å finne nye miljøvenlege løysingar. Dei som kjøper bensin-slukande bilar no vil kanskje angre på det.
- Har du vurdert å kjøpe El-bil? Det er eit veldig godt alternativ dersom du først og fremst skal køyre småturar i ein by. Straum er billegare enn bensin, og du får i tillegg statlege tilskot. (Gratis parkering, fritak frå årsavgift, fri passering i bomringen, momsfritak og bruk av kollektivfeltet er andre føremoner.) Hybridbilen er ein bil med både elektrisk og bensinmotor som har mange av fordelane til el-bilen på småkøyring, og som framleis går bra på lengre avstandar.
- Kjøp bilar som brukar lite drivstoff og gjev lite utslepp. Tenk over kor stor bil du eigentleg treng! Større bilar treng meir drivstoff.