KORLEIS LAGE MINDRE SØPPEL
Den gylne regelen er så sjølvsagt og simpel at det kan være fort gjort å gløyme den:
KJØP FÆRRE TING! Dette er kort og godt den beste og mest effektive måten å redusere søppelmengda på.
- Gå i deg sjølv og spør ”Har eg verkelig bruk for dette? Vil dette produktet gjere meg til eit lykkelegare menneske?”
- Kanskje du kan bytte, låne, dele, gi bort eller reparere?
Om det likevel skulle verte heilt nødvendig, (av og til må ein kjøpe ting), så er det bra å ha nokre tommelfinger-reglar:
- Sats på varer som varer. Kvalitetsprodukt med lang levetid er det beste for miljøet
- Bruk tøybleier! BIR gjer 500,- i tilskot pr barn til foreldre som vel å bruke tøybleier til borna sine
- Stol på din egen smak. Den forandrar seg neppe like fort som moten
- Ikkje kjøp skrot: det finst produkt som erfaringsmessig går lynkjapt frå butikken til avfallsdunken.
- Sjå om du kan finne det du treng i ein bruktbutikk. Du finn kart og oversikt over bruktbutikkar i Bergen på midtsidene.
- Kjøp varer som forureinar minst mulig i alle ledd: under produksjon, transport, bruk og som avfall.
- Still miljøkrav og be om dokumentasjon.
- Vel miljømerka produkt når det er mulig.
- Kjøp varer som er produsert i nærleiken og som ikkje treng mykje transport.
- Kjøp varer – IKKJE innpakning.
- Kjøp varer med minst mulig unødvendig emballasje.
- Unngå eingongsgrill, -bestikk, og -kamera.
- Vel papp og glas framfor plast.
Andre tips
Stopp Reklamen! Kvar husstand mottek årleg 30 kg reklame i postkassen. Ein kan reservere seg mot uadressert reklame ved å merke postkassen. Du kan bestille klistremerker på
www.framtiden.no eller www.naturvern.no/hordaland.
Ha med deg noko å bære varene i når du skal handle. Då slepp du å fylle opp kjøkkenskuffene – og bosspannet – med gamle plastposar
Det er dumt å kaste ting som andre kan ha bruk for. Gi slike ting til loppemarknader og bruktbutikkar. La ting gå i arv, sy nye klede av gamle.