Bilen og flyet er av hovudårsakene til vårt tilskot til forureininga i verda. Desse framkomstmidla nyttar og store mengder energi, som kunne og burde ha vorte nytta til andre føremål. Av all CO2 som Noreg slepp ut, kjem 22 % frå vegtrafikken, som dermed er den transport-posten som bidrar mest. Vidare er omlag ein fjerdedel av all bilkøyring i Noreg turar på under to kilometer. Å gå same vegen ville ta ca. 20 min, medan det ville ta ca. 5 min på sykkel. Så tenk over det neste gong du skal til universitetet, butikken eller treningssenteret. For kva passar vel betre før du skal til helsestudioet, enn å gjere turen dit til oppvarming.
Målet med denne miljøguiden er ikkje å få alle i Noreg til å slutte å reise, men snarare å få fjerna den unødvendige bruken av for eksempel bilen og flyet.